Lindstrøm Hotel tildelt Traveller Review Award 2026

For fjerde år på rad har Lindstrøm Hotel fått utmerking frå Booking.com. Det synest vi er utruleg stas!

Traveller Review Award blir delt ut til hotell som leverer jamt gode opplevingar, og vurderingane er baserte på verifiserte tilbakemeldingar frå gjestar som har budd på hotellet.

Lindstrøm Hotel fekk denne gongen tildelt ein score på 8.4 av 10, basert på gjesteomtalar frå heile verda. Scoren speglar mellom anna service, komfort, beliggenheit og heilskapsinntrykk.

– Dette betyr mykje for oss fordi det viser at gjestane har ei god oppleving når dei besøker hotellet. Dei set pris på atmosfæren, servicen og opplevinga, og det er vi veldig glade for, seier drivar Knut Lindstrøm.

No nærmar det seg ny sesong, og hotelldørene opnar igjen i mai 2026. Men allereie no kan du bestille overnatting til datoen som passar deg.

Vi ønskjer nye og tilbakevendende gjestar velkomne til eit komfortabelt opphald i hjartet av Lærdal.

Ingvild Hagen

Ingvild er digital marknadsførar i Gasta design & kommunikasjon. Ho jobbar fast med mange av kundane våre, og er eksperten vår på digital annonsering.

ingvild@gasta.no

Forrige
Forrige

Velkomen til ein ny sesong på Lindstrøm Hotel

Neste
Neste

Planlagd nattestenging av Lærdalstunnelen frå september 2026