Velkomen til ein ny sesong på Lindstrøm Hotel

Dagane blir lysare og våren nærmar seg. På Lindstrøm Hotel i Lærdal gler vi oss til å ta imot gjestar frå nær og fjern frå sesongopning 2. mai 2026.

Me gler oss til vår og sesongopning på hotellet i Lærdal.

Når hotellet opnar dørene, ventar nye opplevingar, gode måltid og rolege stunder i historiske omgjevnadar.

Lindstrøm Hotel er eit naturleg utgangspunkt for deg som ønskjer å utforske Lærdal og Sognefjorden – eller som berre vil ta det med ro i hjartet av Lærdalsøyri.

Det finst mykje å finne på mens du bur hos oss, og me har satt saman ei oversikt med attraksjonar og aktivitetar til deg.

Allereie no kan du bestille opphald for den komande sesongen. Våren og sommaren byr på noko heilt eige i Lærdal, med frodig natur, lange dagar og ei avslappa ramme rundt opphaldet.

Vi ser fram til ein ny sesong og ønskjer både nye og tilbakevendande gjestar varmt velkomne til Lindstrøm Hotel.

Vertskapet Britt Isdal og Knut Lindstrøm tek deg imot på Lindstrøm Hotel.

Gasta Design

Vi skaper lønnsame nettsider basert på Squarespace, og utviklar gjerne din visuelle identitet eller hjelper deg med digital markedsføring.

https://www.gasta.no/
Neste
Neste

Lindstrøm Hotel tildelt Traveller Review Award 2026