Finsk kvalitetsdesign på Lindstrøm Hotel

På Lindstrøm Hotel har me fleire kvalitetsmøblar frå den finske produsenten Artek. I år fyller dei 90 år, og me er stolte av å ha fått vere med på feiringa på den finske ambassaden i Oslo.

I dag er det Vitra som eig Artek, men historia går heilt tilbake til 1935 då Alvar og Aino Aalto grunnla selskapet i Finland.

For oss på Lindstrøm Hotel er Artek noko av det vakraste som er skapt innan interiørdesign.

Den tidlause estetikken, dei reine linjene og den gjennomførte kvaliteten gjer at møblane passar perfekt inn i hovudbygningen vår frå 1968 – der dei verkeleg kjem til sin rett.

Me er stolte av å kunne løfte fram designarv av denne klassen, og gratulerer så mykje med jubileet!

Emilie Brynjulfsen

Emilie er digitalrådgivar i Gasta. Ho brenn for digital marknadsføring, gode nettsider og smarte løysingar – og synest det er ekstra spennande å utforske korleis AI endrar måten vi søkjer og kommuniserer på.

emilie@gasta.no

Forrige
Forrige

Lindstrøm Hotel tildelt Traveller Review Award 2026

Neste
Neste

180 år med Lindstrøm Hotel