Om hotellet
Lindstrøm Hotel er eit hundevennleg hotell med eigen restaurant, frukost inkludert, elbil-ladarar, wifi og det meste anna du skulle trenge!
-
Lindstrøm Hotel ligg vakkert til ved Sognefjorden, i Lærdal kommune i Vestland fylke. Hotellet ligg sentralt til i Lærdalsøyri, med kort avstand til både fjorden og kjende attraksjonar som Borgund stavkyrkje og Flåm.
Med si plassering mellom Oslo og Bergen er Lærdal eit naturleg stopp for deg som reiser gjennom Vestlandet, og eit godt utgangspunkt for å utforske fjord, fjell og nærliggande bygder som Flåm og Aurland eller Kaupanger og Sogndal.
-
Ja, i sesongen er restauranten vår open med middagsservering. Frukost alle dagar er inkludert når du bestiller overnatting. Vi er opptekne av å lage god, heimelaga mat med lokale råvarer. Les meir om servering her.
-
Ja, frukost alle dagar er inkludert når du bestiller overnatting. Les meir om servering.
-
Innsjekk etter kl. 15:00 og utsjekk før kl. 12:00.
-
Ja, alle romma har eige bad.
-
Ja, Lindstrøm Hotel er eit hundevennleg hotell. Det kostar ikkje noko ekstra å ha med seg hunden, men vi set pris på at du gir beskjed ved bestilling.
-
Ja, vi har parkering for gjestar.
-
Ja, Lindstrøm Hotel passar godt for deg med elbil. Hos oss kan fire elbilar lade samtidig, med eigne ladarar bak hotellet. I tillegg finst det offentlege ladarar like ved.
-
Ja, gratis trådløst internett inkludert for alle gjestar.
Om området
Lindstrøm Hotel ligg flott til, mellom pastellfarga trehus på Gamle Lærdalsøyri i hjartet av Sognefjorden.
-
Lærdal ligg midt mellom Oslo og Bergen, vakkert plassert ved den majestetiske Sognefjorden. Det er god tilkomst med bil, og vi har eigne parkeringsplassar og elbil-ladarar for gjestar. Det går óg rutebuss frå både Bergen og Oslo som stoppar på Lærdalsøyri. Busstoppet er nokre få meter frå hotellet. Nærmaste flyplass er Sogndal lufthamn Haukåsen.
-
Det finst mange aktivitetar og attraksjonar rundt Lindstrøm Hotel i Lærdal. Ta deg en tur på Gamle Lærdalsøyri, opplev Kongevegen, besøk Borgund Stavkyrkje eller lær meir om den verdsberømte Lærdalselva på Villakssenteret. Les meir om aktivitetar og attraksjonar i nærleiken.
-
Du kan oppleve alle aktivitetane i Flåm berre 30-40 minutt med bil frå Lindstrøm Hotel. Her finn du blant anna Flåmsbana, zipline, Stegastein og Fjord Cruise Nærøyfjord. Perfekt avstand for ein dagstur!
-
Det er berre 20 minutt med bil frå Lindstrøm Hotel til Borgund Stavkyrkje. Noregs mest særmerkte stavkyrkje er open frå 15. april til 15. oktober. Les meir om besøk til Borgund Stavkyrkje her.
-
Lindstrøm Hotel er ein flott plass å bo for å oppleve Sognefjorden. Du finn fjorden i gangavstand frå hotellet.
Hotellet ligg sentralt plassert midt på Lærdalsøyri, som ligg ved Lærdalsfjorden, ein fjordarm av Sognefjorden. Det betyr at det berre er nokre meter å rusle frå hotellet og ned til fjordkanten.
-
Frå Lindstrøm Hotel i Lærdal er det rundt 1.5 time med bil til Breheimsenteret i Jostedalen der du kan oppleve Nigardsbreen.
Nigardsbreen er ein arm av den mektige Jostedalsbreen, vakkert plassert i Jostedalen i Luster kommune.