Nyheit: Fleire ladestasjonar for elbil

Vi vil leggje rette for at gjestane kan ta meir miljøvenlege val. No kan opptil fire elbilar lade samtidig på Lindstrøm Hotel.

No kan fire elbilar lade samtidig på Lindstrøm Hotel.

No gjer vi det endå enklare for gjester som reiser med elbil. Etter ei oppgradering av ladetilbodet kan no opptil fire elbilar lade samtidig ved hotellet.

Tidlegare har hotellet hatt éin ladar tilgjengeleg, men med aukande etterspurnad frå reisande som vel elektrisk, har behovet for fleire ladepunkt blitt tydeleg. Utvidinga er eit konkret tiltak for å betre gjesteopplevinga – og samtidig støtte opp under eit meir miljøvenleg reiseliv.

– Vi ønskjer å leggje til rette for gjester som tek miljøvenlege val når dei reiser. Då må infrastrukturen vere på plass, seier drivar Knut Lindstrøm.

Ladestasjonane er tilgjengelege for buande gjester, og gjer det enklare å utforske Lærdal og resten av Sogn utan å måtte planleggje lading i detalj.

Satsinga er også i tråd med Lindstrøm Hotel sitt langsiktige arbeid med berekraft. Hotellet har dei siste åra gjennomført fleire tiltak for å redusere eigne utslepp, og jobbar kontinuerleg med å bli eit meir miljøvenleg alternativ for reisande i regionen.

Vi er blant anna solte av å ha redusert CO2-utsleppa kraftig dei siste åra.

Med fleire ladestasjonar på plass, tek hotellet nok eit steg i riktig retning – både for gjestene og for miljøet.

På tur med elbilen i Sogn?Bestill overnatting på Lindstrøm Hotel her

Gasta Design

Vi skaper lønnsame nettsider basert på Squarespace, og utviklar gjerne din visuelle identitet eller hjelper deg med digital markedsføring.

https://www.gasta.no/
Neste
Neste

Kraftig redusert CO2-utslepp dei siste åra