Kraftig redusert CO2-utslepp dei siste åra
Vi er stolte av vere sertifisert som Miljøfyrtårn og glade for dei nyaste målingane.
Miljøfyrtårn er Noregs mest brukte sertifikat for verksemder som vil dokumentere miljøinnsatsen sin og vise samfunnsansvar.
Lindstrøm Hotel har vore sertifisert Miljøfyrtårn sidan 2012. Vi blei seinast resertifisert for tre nye år i 2024.
– Det er spennande å sjå i den årlege miljørapporten vår at CO2-utsleppet vårt reduseres for kvart år som går, seier drivar Knut Lindstrøm.
Den nyaste statistikken frå 2026 viser at utsleppet CO2 har gått ned med heile 18% samanlikna med i 2024. Flott å sjå at tiltak vi gjer får reell effekt!
At hotellet er sertifisert bekreftar at vi tek aktivt miljøansvar og bidreg med det vi kan til den grøne omstillinga.
Sidan førre status i 2024 har vi gjort fleire tiltak, blant anna har vi bytt 160 vindauge på hotellet.
Utdrag frå miljørapporten frå 2025 som viser nedgang i CO2-utslipp.