Klar for roadtrip? Opplev nasjonale turistvegar på Vestlandet i sommar

Tre av dei nasjonale turistvegane ligg berre ein køyretur frå Lærdal. Med fjord, fjell og spektakulær natur rett utanfor døra er området perfekt for deg som ønskjer ei minnerik roadtrip på Vestlandet i sommar.

Dei 18 nasjonale turistvegane tek deg gjennom noko av det vakraste Norge har å by på. Undervegs finn du flotte utsiktspunkt, rasteplassar og små stopp som gjer sjølve køyreturen til ei oppleving.

Frå Lærdal kan du enkelt utforske tre av dei mest populære turistvegane på Vestlandet: Aurlandsfjellet, Sognefjellet og Gaularfjellet.

 

Vegen over Sognefjellet. Foto: Endre Knudsen/Visit Norway

 

Køyr over Noregs høgaste fjellovergang

På veg til eller frå Lindstrøm Hotel i Lærdal, kan du legge turen over Sognefjellet, den høgaste fjellovergangen i Norge. Ruta går frå kulturlandskapet i Lom, over det mektige høgfjellet og ned til Luster og Gaupne inst i Sognefjorden.

Ein annan favoritt er Aurlandsfjellet mellom Lærdal og Aurland. Her køyrer du gjennom dramatisk fjellandskap med svingete vegar og snø langs vegkanten langt utover sommaren. Turen byr òg på fantastisk utsikt over Aurlandsfjorden frå det kjende utsiktspunktet Stegastein.

 

Stegastein utsiktspunkt på Aurlandsfjellet. Foto: Sverre Hjørnevik/Fjord Norway

 

Populær rundreise over Gaularfjellet

Mange vel òg å ta denne populære dagsturen: frå Lærdal - til fergesambandet Hella-Dragsvik - over Gaularfjellet - vidare til Moskog - tilbake gjennom Skei.

Langs ruta ventar fleire flotte stopp, mellom anna utsiktspunktet Utsikten på Gaularfjellet. Du køyrer òg forbi bokbyen Fjærland, den vesle tettstaden ved fjorden med brukthandlar, små kafear og over 150.000 brukte bøker.

 

Utsiktspunktet på Gaularfjellet, 700 m.o.h. Foto: Magnus Furset/Fjord Norway

 

Klar for sommarens roadtrip?

Anten du reiser med bil eller motorsykkel, ligg alt til rette for store naturopplevingar langs dei nasjonale turistvegane i sommar.

Vi hjelper deg gjerne med tips til ruter og opplevingar under opphaldet. Sjå våre ledige rom eller ta kontakt for ein prat.

Gasta Design

Vi skaper lønnsame nettsider basert på Squarespace, og utviklar gjerne din visuelle identitet eller hjelper deg med digital markedsføring.

https://www.gasta.no/
Forrige
Forrige

Ny bussrute “Fjord & Fjellruta”: Opplev Lærdal, Flåm og Aurland utan bil

Neste
Neste

Nyheit: Fleire ladestasjonar for elbil