Kunstnar Maria Brinch syner fram kunsten sin på Lindstrøm Hotel

Kunstnar Maria Brinch bur i Oslo men har mor frå Lærdal. Foto: Sogn Avis, 2021.

Maria Brinch er heiltidskunstnar med sitt eige atelier i Oslo. Ho har tidlegare funne inspirasjon på Lindstrøm Hotel, og no er vi stolte av å stille ut hennar eigne verk.

Faksimile frå artikkel i Sogn Avis 7. juni 2026.

Tilbake i 2021 var Maria i barselpermisjon, og valde å reise til Lærdal og Lindstrøm Hotel for å la seg inspirere gjennom å studere tre store maleri av Knut Rumohr her på hotellet.

Rumohr vart fødd i Lærdal i 1916 og reknast som ein av Noregs største grafiske kunstnarar.

– Desse er måla for å passa inn her i spisesalen. Så eg spurde om eg kunne få vera her litt, laga skisser og starta på arbeid som eg tek med meg til atelieret i Oslo. Og det fekk eg lov til; det passa godt sidan det er vinterstengt på hotellet. Så eg er veldig takksam overfor Knut og Britt (eigarane av Lindstrøm hotell, journ. anm.) for at eg får vera her og driva på som eg vil. Dei gir meg veldig stor tillit, sa ho til Sogn Avis tilbake i 2021.

Sjølv lagar Maria både tekstil, veggteppe, måleri, skulpturar og smykke. Mellom anna kombinerer ho mobiltelefonbilete frå kvardagslivet og måleri i collage veggteppe.

No er Maria sine eigne bilde endeleg komne på plass på Lindstrøm Hotel. Det er me stolte av, og me oppmodar deg til å ta turen innom for å sjå den vakre kunsten hennar viss du er i nærleiken.

> Les også: Kunstnar Maria Gullaksen Brinch finn inspirasjon på Lindstrøm Hotel

Sjå noko av kunsten her:

(Klikk på bileta for stor visning)

Gasta Design

Vi skaper lønnsame nettsider basert på Squarespace, og utviklar gjerne din visuelle identitet eller hjelper deg med digital markedsføring.

https://www.gasta.no/
Neste
Neste

Ny bussrute “Fjord & Fjellruta”: Opplev Lærdal, Flåm og Aurland utan bil