180 år med Lindstrøm Hotel
Lindstrøm Hotel er eitt av dei eldste og mest særprega hotella på Vestlandet. I 2025 er det 180 år sidan etableringa.
Det heile starta med butikk og «Landhandel med Forpligtelse til at holde Gjestgiverie».
Jørgen Christian Lindstrøm og Birgitte Marthea Lindstrøm frå Bergen tok over handelen etter Johan Joakim Møller på Lærdalsøyri. Med på kjøpet av «Lindstrømbui» følgde plikt til å ta imot reisande - dermed eit tilbod om overnatting.
Sidan den gong har hotellet hatt ei fargerik og dramatisk historie.
Historiske bilete frå Lærdalsøyri og hotellet:
(Klikk for stor visning)