Bilinteressert? Då bør du ta eit besøk hit mens du er i Sogn
Vi veit at mange av gjestane på Lindstrøm Hotel er bilinteresserte. For deg som er det, vil vi tipse om eit heilt unikt bilmuseum på Kaupanger.
Foto: Bjarne Lerums Bilmuseum
Dei aller fleste nordmenn kjenner merkevara Lerum godt. Ja, vi snakkar om produsenten av saft og syltetøy som har base i “Saftbygda” Sogndal.
I 1952 fekk A/S Lerum saftfabrikk sin første bil. Ford V8 vart starten på Bjarne Lerum si interesse for bilar. Bjarne var 3. generasjons Lerum og teknisk direktør i familiebedrifta.
Heilt fram til sin død i 2010 samla og restaurerte Bjarne bilar, og denne samlinga utgjer i dag Bjarne Lerums Bilmuseum på Kaupanger.
Bilmuseet er ope for omvisning etter avtale store delar av året, men sommaren 2026 har dei valt å halde opent til meir faste tider. Dei kan du sjå i biletet under.
Opningstider sommaren 2026.