Gåvekord på De Historiske og Lindstrøm Hotel

Gje vekk noko ein aldri får nok av: gode opplevingar!

Lindstrøm Hotel er stolt medlem av De Historiske Hotel & Spisesteder, og det har vi vore sidan 2022. Blant medlemmane finn du mange av Noregs mest særmerkte overnattings- og serveringsstadar, så det er stor stas for vårt familiedrevne hotell å vere ein del av “det gode selskap”.

Kjøper du gåvekort via De historiske, vil det vere gyldig på Lindstrøm Hotel - i tillegg til alle andre medlemsbedrifter. Du som avsendar vel verdien på gåvekortet, og så kan mottakaren sjølv velje kva oppleving ho eller han vil nytte gåvekortet på.

Bestilling på nett eller i resepsjon

Kjøp gåvekort på nett hjå Dei Historiske og få det tilsendt enten som digitalt gåvekort/PDF på epost, eller som fysisk gåvekort i posten. Du kan óg kome innom resepsjonen hjå Lindstrøm Hotel kor vi har fleire gåvekort tilgjengeleg.

Ei flott gåve til den som er glad i gode opplevingar!

Les også:Vi er nytt medlem av De Historiske

Gasta Design

Vi skaper lønnsame nettsider basert på Squarespace, og utviklar gjerne din visuelle identitet eller hjelper deg med digital markedsføring.

https://www.gasta.no/
Neste
Neste

Bilinteressert? Då bør du ta eit besøk hit mens du er i Sogn