Køyre nasjonale turistvegar sommaren 2025?

Tre av dei nasjonale turistvegane ligg nærme Lindstrøm Hotel. Perfekt for deg som ønskjer ein lengre tur med bil etter motorsykkel i sommar.

Dei 18 nasjonale turistvegane er køyreturar gjennom vakker norsk natur, med tilrettelagde utsiktspunkt og rasteplassar undervegs.

Med Lindstrøm Hotel som start- eller sluttpunkt, kan du ta turen over tre av dei flotte turistvegane: Aurlandsfjellet, Sognefjellet og Gaularfjellet.

 

Vegen over flotte Sognefjellet. Foto: Endre Knudsen/Visit Norway

 

Noregs høgaste fjellovergang

På veg til eller frå Lindstrøm Hotel kan du reise over Sognefjellet, Noregs høgaste fjellovergang. Partiet tek deg frå kulturlandskapet i Lom over fjellet til Luster og Gaupne inst i Sognefjorden.

Eller du kan køyre turen frå fjord til fjord over høgfjella på Aurlandsfjellet. Her er utsikta over Aurlandsfjorden frå Stegastein det store høgdepunktet.

 

Stegastein utsiktspunkt på Aurlandsfjellet. Foto: Sverre Hjørnevik/Fjord Norway

 

Populær rundtur over Gaularfjellet

Ein populær rundtur frå Lindstrøm Hotel er ruta Lærdal - Hella - Dragsvik - Gaularfjellet - Moskog og tilbake via Skei.

Denne ruta har mange flotte opplevingar undervegs, som den populære Utsikten på Gaularfjellet. Ein køyrer óg forbi bokbyen Fjærland - ein liten tettstad med flust av brukthandlar og over 150.000 brukte bøker.

 

Utsiktspunktet på Gaularfjellet, 700 m.o.h. Foto: Magnus Furset/Fjord Norway

 

Klar for å oppleve dei nasjonale turistvegane i sommar?

Vi hjelper deg gjerne med å planlegge opplevingar mens du bur hjå oss. Sjå våre ledige rom eller ta kontakt for ein prat.

Gasta Design

Vi skaper lønnsame nettsider basert på Squarespace, og utviklar gjerne din visuelle identitet eller hjelper deg med digital markedsføring.

Forrige
Forrige

Dette er dei mest populære aktivitetane i området

Neste
Neste

Vi ser fram mot sesongopning 2. mai