Den store Haustmarknaden 2026

Ei helg fylt med lokale smakar og god stemning

26. og 27. september er det igjen klart for Den store Haustmarknaden i Lærdal – ei stemningsfull helg med lokale smakar, handverk, underhaldning og aktivitetar for store og små.

Når hausten set farge på Lærdal, blir det invitert til ein av dei store tradisjonane i bygda. Den store Haustmarknaden er først og fremst ein smaksfest, og gjennom heile helga kan du oppleve eit yrande folkeliv og bli betre kjent med mykje av det Lærdal og regionen har å by på.

Over 70 bugnande boder

På marknaden finn du over 70 boder med kortreiste og ferske matprodukt, lokale smakar og handverk. Her kan du rusle mellom bodene, smake på lokale spesialitetar og kanskje finne med deg nokre favorittar heim.

Det kjem mange spennande utstillarar til årets marknad, og gjennom helga blir det aktivitetar, konkurransar og underhaldning for både store og små.

Opplev hausten i Lærdal

Haustmarknaden er ei fin anledning til å ta turen til Lærdal og oppleve bygda når haustfargane byrjar å vise seg. Kombiner marknadslivet med ein rusletur mellom dei gamle trehusa på Lærdalsøyri, god mat og fine naturopplevingar.

Gjer gjerne marknadsbesøket til ei heil helg. Hjå oss på Lindstrøm Hotel bur du sentralt i Lærdal og har eit godt utgangspunkt for både Haustmarknaden og andre opplevingar i området.

Vi ønskjer velkomen til ei flott hausthelg i Lærdal!

 

Bilda er lånt frå Lærdalsmarknaden sin Facebook-side. Klikk for stor visning.

 
Ingvild Hagen

Ingvild er digital marknadsførar i Gasta design & kommunikasjon. Ho jobbar fast med mange av kundane våre, og er eksperten vår på digital annonsering.

ingvild@gasta.no

Neste
Neste

Galdane Rundt 2026 – løp i vakre omgjevnader