Galdane Rundt 2026 – løp i vakre omgjevnader

Bileta er lånte frå Facebook-sida til Galdane Rundt.

Ei aktiv haustoppleving langs historiske Kongevegen

Laurdag 12. september kan du bli med på Galdane Rundt – eit flott terrengløp langs historiske vegar og gjennom noko av den vakraste naturen Lærdal har å by på.

Galdane Rundt er ei 8,7 kilometer lang rundløype i kupert terreng langs Lærdalselva. Store delar av turen går på den historiske Kongevegen over Filefjell, gjennom eit landskap med bratte fjellsider, frodig natur og spor etter historia.

Undervegs passerer du mellom anna den gamle husmannsplassen Galdane. Her får du verkeleg oppleve kontrastane i Lærdalsnaturen, med den mektige elva, gamle ferdselsvegar og det særprega kulturlandskapet rundt deg.

Du treng heller ikkje springe for å delta. Galdane Rundt har både konkurranseklasse og mosjonsklasse, slik at du kan velje om du vil utfordre deg sjølv på tid eller ta turen i eit rolegare tempo og nyte omgjevnadene undervegs.

Mosjonistane kan starte frå kl. 11.00, medan konkurranseklassa startar kl. 13.00. Arrangementet blir arrangert av Lærdal IL.

Les meir på Facebooksida til Galdane rundt.
Følg Facebook-arrangementet her for oppdateringar og meir informasjon.

Gjer det til ei helg i Lærdal

Kombiner Galdane Rundt med ei overnatting hjå oss på Lindstrøm Hotel. Etter ein dag ute i den friske haustlufta kan du senke skuldrene og nyte resten av helga i vakre Lærdal.

Bileta er lånte frå Facebook-sida til Galdane Rundt.

Gasta Design

Vi skaper lønnsame nettsider basert på Squarespace, og utviklar gjerne din visuelle identitet eller hjelper deg med digital markedsføring.

https://www.gasta.no/
Neste
Neste

Maristovadilten 2026: Populær turmarsj på Kongevegen