Fem grunnar til å besøke Lærdal i sommar
Lærdal er ei ekte sommarperle, fylt med opplevingar og sjarm. Som gjest på Lindstrøm Hotel har du eit perfekt utgangspunkt for å oppdage alt det unike Sogn har å by på.
Her er fem gode grunnar til å legge turen til Lærdal og Lindstrøm Hotel i sommar:
1. Spektakulær natur rett utanfor døra
Frå Lindstrøm Hotel kan du utforske både fjord og fjell. Nyt fjordcruise på Nærøyfjorden, eller kva med eit historisk vikingcruise? Lærdal sentrum er dessutan eit perfekt utgangspunkt for å utforske eit rikt nettverk av fotturar. Dagsturhytta i Lærdal, Mjølkeflathytta, er eit eit lett tilgjengeleg turmål for heile familien. Ønskjer du ein meir krevjande tur kan Torsteinen vere verdt å nemne, eller Vetanosi som byr på fantastisk utsikt over Sognefjorden.
Naturen i Lærdal gjev både ro og eventyr.
2. Historisk atmosfære i Gamle Lærdalsøyri
Lindstrøm Hotel ligg eit steinkast frå Gamle Lærdalsøyri – ein sjarmerande trehuslandsby frå 1700-talet. Her kan du rusle i dei smale gatene, besøke små galleri, og kjenne på den unike atmosfæren som har overlevd gjennom generasjonar.
3. Lokal mat og tradisjonar
Ein tur til Lærdal er ikkje komplett utan å smake på lokalmat. På hotellet kan du nyte sesongbaserte rettar laga med lokale råvarer, og elles i bygda finn du marknader og utsal med kortreiste delikatessar.
Her kan du verkeleg få smaken av Sogn!
4. Levande kultur og festivalstemning
Lærdal er kjent for sitt levande kulturliv, og sommaren 2025 byr på ei rekkje arrangement som gir bygda ein ekstra dimensjon. Lærdalsmarknaden (20.–22. juni) er eit av årets høgdepunkt, der historiske trehus vert fylt med boder som sel lokalmat, handverk og unike skattar. Nokre veker seinare er det klart for Jordeplerock (27.–29. juni), ein lokal musikkfestival som samlar både bygdefolk og tilreisande til konsertar, god mat og ekte festivalstemning. Med Lindstrøm Hotel som base kan du nyte alt Lærdal har å by på – rett utanfor døra.
5. Lærdal – ei perfekt base for å oppleve Sogn
Med Lindstrøm Hotel som base har du heile Sogn innan rekkevidde. Besøk ikoniske stavkyrkjer, ta ein dagstur til Aurlandsdalen, eller køyr til Flåm for spektakulære togturar. Alt ligg lett tilgjengeleg frå Lærdal – her får du både ro og eventyr.
Yrande folkeliv på Lærdalsmarknaden.