Planlagd nattestenging av Lærdalstunnelen frå september 2026

Lærdalstunnelen mellom Lærdal og Aurland er verdas lengste vegtunnel og strekk seg over 24,5 kilometer.

Slik blir det å besøke Lindstrøm Hotel medan tunnelen blir oppgradert.

Lærdalstunnelen, den lengste vegtunnelen i verda, skal gjennom store tryggleiksoppgraderingar frå september 2026 til 2029. I denne perioden vil tunnelen vere nattestengd frå kl. 18.00 til 06.00.

Det kan kanskje framstå utfordrande for deg som er reisande, men her er dei gode nyheitene:

Kven blir påverka?

Nattestenginga gjeld berre for dei som køyrer mellom Aurland/Flåm og Lærdal, eller for dei som kjem frå Bergen seint på kvelden.

Dersom reiseruta di inkluderer tunnelen etter kl. 18.00, må du planleggje turen litt annleis.

Gjestar som kjem frå Oslo, Filefjell eller Sogndal, blir ikkje påverka av stenginga. Vegen til Lindstrøm Hotel går då ikkje gjennom Lærdalstunnelen.

Alternative reiseruter

1. Køyr gjennom tunnelen på dagtid. Den enklaste løysinga: planlegg turen din mellom 06.00 og 18.00.

2. Aurlandsfjellet nasjonale turistveg. Ei spektakulær fjellrute mellom Aurland og Lærdal.

3. Rv. 52 over Hemsedal. Eit påliteleg alternativ heile året dersom du reiser mellom aust og vest om natta.

4. Ferjer og lokaltransport. Ekstra ferje- eller båtruter kan vere tilgjengelege i periodar. Sjekk oppdatert informasjon på www.175.no før du reiser.

Kjem du tidlegare på dag, er det meir å sjå

Lindstrøm Hotel ligg midt på Gamle Lærdalsøyri, eit historisk sentrum med sjarmerande trehus og stille, trivelege gater. Dersom du kjem tidlegare på dagen, får du ekstra tid til å utforske området rundt. Her er nokre idear:

  • Utforsk Gamle Lærdalsøyri. Eit unikt område med over 150 trehus frå 1700- og 1800-talet.

  • Besøk Borgund stavkyrkje. Ei av dei best bevarte stavkyrkjene i Noreg, berre ein kort køyretur unna (og på same side av Lærdalstunnelen som hotellet).

  • Gå Kongevegen. Ei historisk vandrerute med kjende utsiktspunkt som Vindhellavegen.

  • Natur og fotturar. Fjella rundt oss byr på uforgløymelege naturopplevingar.

Nyttige reisetips

Merk at arbeidet i tunnelen allereie er noko forsinka ut frå dei opprinnelege planane. Oppdateringer kjem frå Vegvesenet etter kvart, og me på Lindstrøm Hotel følgjer med som best me kan.

Kartforklaring: Lærdalstunnelen er viktig for reisande mellom Bergen og Lærdal. Bergen er markert i blått, tunnelen i rødt og Lindstrøm Hotel i Lærdal i grønt. Nederst til høgre er Oslo markert i lilla (du treng ikkje å køyre gjennom tunnelen for å reise mellom Lærdal og Oslo).

Neste
Neste

Finsk kvalitetsdesign på Lindstrøm Hotel