Frå Lindstrøm Hotel får du mest mogleg ut av helgeturen.
Våren nærmar seg, og med den kjem lengre dagar, frisk fjordluft og blomstringa.
Sognefjorden er på sitt aller vakraste i mai, og med nokre ekstra fridagar ligg alt til rette for ei uforgløymeleg langhelg i Lærdal.
I hjartet av Lærdal og Sognefjorden
Lindstrøm Hotel ligg idyllisk til på Gamle Lærdalsøyri i Lærdal, omgitt av sjarmerande, pastellfarga trehus og små butikkar fulle av lokale skattar.
Lærdalselva renn rett forbi, og eit besøk til Nasjonalt Villakssenter gir innblikk i historia til elven og villaksen.
Allereie no kan du booke ei helg hos oss - me opnar for overnatting frå 2. mai 2025.
Vår nydelege sveitsarbygning frå 1800-talet.
Hovudbygget frå 1980-tallet.
Opplev det beste av Sogn på ei helg
Lærdal er det perfekte utgangspunktet for å utforske dei mange attraksjonane i området.
På berre 20 minutt med bil når du Borgund stavkyrkje, den best bevarte stavkyrkja i landet. Rett ved finn du den spektakulære Vindhellavegen, kanskje den vakraste delen av Kongevegen over Filefjell.
Ønskjer du å oppleve meir, ventar Sognefjorden, Aurlandsdalen og Flåm berre ei kort reise unna.